Den fyrste song Lyrics & Tabs by Herborg Kråkevik

Den fyrste song

guitar chords lyrics

Herborg Kråkevik

Album : Kråkeviks songbokPlayStop

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,

dei kunde gråten stogga
Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0103 sec