Raudedauden Lyrics & Tabs by Solefald

Raudedauden

guitar chords lyrics

Solefald

Album : Norrøn livskunst black metal PlayStop

Ein haustdag på fjellet
gjeng ei kjerring med rive
Daudens raude dotter

et fingrar frå eit knyte
Med handi for augo
skyggjer ho for soli
Ho fer gjenom heimen
der svartedauden fór
I dei gule augo
lyser bjarte hatet
Blodet strøymer yver skallen
eit skaut frå farne dagar
"Dauden den raude
Eg skal vitja kvar gard
sope kvar krok"

"Dauden den raude
Eg skal vitja kvar gard
sope kvar krok"
mekrar kjerringi
"I jordi med kristenfolket
fyrr gjev eg meg ikkje
Raudedaudens rive
vert det siste dei ser
Eg matar flugor og rottor
med deim som rudde landet
Ingen gnagar skal svelte
ingen rovfugl hungre
Kvar knok fram i dagen
ut i soli med kvart bein"
I stilla etter heksi
ligg vangane aude

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0069 sec