Faderen Lyrics & Tabs by Aasmund Nordstoga

Faderen

guitar chords lyrics

Aasmund Nordstoga

Album : Guten - Songar av Aasmund Olavsson Vinje norwegian folk PlayStop

So må du då, min beste gut,
frå oss i verdi draga ut!
Å ja, når fuglen fjør fær på,

han prøva må, han prøva må
med eigne venger sjølv å slå.
Den mann som alltid heime låg
og ikkje livsens lagnad såg.
han aldri såg det beste, han,
men vart ein mann, men vart ein mann
som dømde ilt um folk og land.
Gråt derfor ikkje, kjære mor!
Du guten ser er sterk og stor.
Og derfor fram han koma vil,
når han er gild, når han er gild,
for livet høyrer slike til.

Og derfor fram han koma vil,
når han er gild, når han er gild,
for livet høyrer slike til.
Og vert det berre tufs og tull,
so er det gutens eigi skuld.
Og ikkje vilde eg og du
det soleis snu, det soleis snu
at dårleg mann vann folkets tru.
Lat guten draga no sin veg!
Han lenge nok er kyst av deg.
Av andre no han kyss skal få,
og følgja må, og følgja må
me gamle dette glade sjå.
I livet gut! du gjera må
det far din ikkje kunde nå:
For du er ung og meire kan.
Din fader, han
med sine tankar inne brann.
Kom Gud i hug! Døm syndi mildt!
og tal um nesten sjeldan ilt!
På mindre mann hogg aldri hæl;
bruk tidi vel!
og du vil døy og leva sæl.
For sorg og skilnad ingen sterk
kan gråta: slik er veikes verk.
Men alltid hjå den sterke mann
just der eg fann,
at tårer for det fagre rann.
So må du då, min beste gut,
frå oss i verdi draga ut!
Å ja, når fuglen fjør fær på,
han prøva må
med eigne venger sjølv å slå.

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0109 sec