Den fyrste song eg høyra fekk Lyrics & Tabs by Bjøro Håland

Den fyrste song eg høyra fekk

guitar chords lyrics

Bjøro Håland

Album : Mine salmer country PlayStop

Den fyrste song eg høyra fekk,
Var mor sin song ved vogga,
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,

Dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
Så stilt og mjukt te sova,
Dei synte meg ein fager veg,
Opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt,
Når eg fær auga kvila,
Der stend ein engel smiler, blidt
Som berre ei kan smila.
Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar,
Eg høyrer stilt frå mor si grav

Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar,
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som allting heilar.

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0063 sec