Til Heimen Yver Havet Lyrics & Tabs by Solefald

Til Heimen Yver Havet

guitar chords lyrics

Solefald

Album : Norrøn livskunst black metal PlayStop

Snart skal eg fara
til heimen yver havet
Etter snoking rundt i verdi

lengtar eg mot nord
Hjarta spør um vegen
Eg drygjer med å svara
Det veit ikkje lenger
kvar som er heime
So mange namn
er ute or soga
So mange andlet
i framande land
Kvar hev du vore
Kva hev du gjort
Eg var ikkje der

Kvar hev du vore
Kva hev du gjort
Eg var ikkje der
nett då det hende
Kva hev du set
Kven hev du møtt
Eg kann fortelja
um andre stader
Um olme massars
svik mot dei veike
Um svoltne folk
som fråssa i søppel
Eg såg Island
då pengane strøymde
Dei hertok Europa
i ein vind av kokain
Jau, eg såg Noreg
fyrr ovmod vart armod
og byggherrar trælar
Det var gode tider
Eg såg la France
og han som måtte koma
No fær mobben svara
for byane dei brende
Eg låg l'Italia
so elska av soli
Politikk er meir
enn kunsten å prata
Eg såg Deutschland
Framsteget fór
yver Autobahn
Bles burt i det blå
Mykje set, mykje sagt
Takk til dykk som høyrde
Snart skal me sjåast
i heimen yver havet

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0069 sec