Strandefjell Lyrics & Tabs by Ingebjørg Bratland

Strandefjell

guitar chords lyrics

Ingebjørg Bratland

Album : Berre Meg folk PlayStop

Om natta då eg slumrande og stilt låg i mi seng
Eg drøymde om eit djupblått hav og om ei sommareng
I draumen drog eg frå mitt land, frå han som eg har kjær

Eg såg alt i den store verda, alt som ei finnest her
Den kvelden, før eg drog min veg, gjekk eg til strandefjell
Der møtte eg min kjæraste, så kvit som snø som fell
Han sa: mi kjære, ikkje reis, min hug ligg i din hand
Kven skal få din kjærleik der, i slike fjerne land
Eg lengtar til min kjæraste, til å kome heim igjen
Der ligg eit hav i mellom oss, men du ventar tru, min venn
For i ditt hjarte finst eit hav, ei verd ligg i di famn
Eg drøymer om den dagen eg seglar inn i Strande hamn
Så om du går på Strandefjell, så kvil deg der ei stund
Der oppe finst ein bekk så klår, der veks ein frodig lund
Og lerka syng så høgt i sky, vedunderlege ting

Så om du går på Strandefjell, så kvil deg der ei stund
Der oppe finst ein bekk så klår, der veks ein frodig lund
Og lerka syng så høgt i sky, vedunderlege ting
For ho syng om min kjæraste-eg skal alltid vere di
ja ho syng om deg, min kjæraste-eg skal alltid vere di

Like us on Facebook.....
-> Loading Time :0.0122 sec